Sola skin, ciderboblene bruser, vi er unge og Sogn U40 er nok ein gang klare for tidenes sommarfest! I år går turen til den naturskjønne perla Haug Gard hos Odelsgut på Fimreite. Ta på deg den finaste sommarkjolen eller den finaste linbuksa å sleng deg med. Dette blir ein kveld du seint vil gløyme!
Kva kan du vente deg?
Cidersmaking: Ein guidet smaking av fire forskjellige handlaga cidere, akkompagnert av eit utval lekre små tapasrettar, perfekt kombinert for ei oppleving av lokale smakar
Sosialt samvær: Etter smakinga opnar vi opp for ei uformell mingling
God mat: Ein bedre middag fra Ellevilt
Sommardans i idyllisk frukhage: Det blir dans og musikk i eplehagen
Sommarleiker: Har du konkurranseinstinktet på plass?
Dette blir ein unik moglegheit til å koble av, smake på lokalprodusert cider og samhandle med andre medlemmar i eit av dei mest maleriske områda i Noreg. Vi håpar å sjå så mange av dykk som mogleg og ser fram til ein minneverdig sommarfest med god stemning og fantastiske opplevingar.
Påmelding
Hvem kan melde seg på?
Dette arrangementet er bare for medlemmer.
Er du ikke medlem? Bli medlem.
Meld deg på
For at du skal kunne melde deg på må vi vite hvem du er.
Velg ønsket innloggingsmetode
Er det noe du lurer på er det bare å ta kontakt!
Kontaktperson: Silje Flugheim Heggestad
E-post: Silje@advokat-tollefsen.no
Telefon: 91644035